Dette er fjordkystparken

Fjordkystparken er Noregs første og einaste kombinerte regionalpark og geopark som inkluderer kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll og delar av Sunnfjord. Dette utgjere eit område på om lag 4500 km2.
Tur frå Hovlandstien til Risnesnipa (777 moh). Foto: Visit Fjordkysten
Tur frå Hovlandstien til Risnesnipa (777 moh). Foto: Visit Fjordkysten

Fjordkysten regional- og geopark (Fjordkystparken) skal gje ei drivkraft til læring, berekraftig utvikling og opplevingar innan kultur, natur og geoarv.

Hausten 2021 vart vi godkjende som Norsk Geopark og vart då historiske som Noregs første og einaste kombinerte regional- og geopark.

Både regionalparkar og geoparkar er ikkje svært kjende park-typar i Noreg, men er høgst vanleg i Europa. Desse park-konsepta skjel seg frå nasjonalparkane ved at ein unngår eit osteklokkevern, og heller ser på nytteverdien av at menneske har ei viktig rolle i å ta vare på natur- og kulturverdiane.

Parken er baserast på eit nedanfrå-og-opp-konsept som betyr at parken eigast og styrast av folket. Samarbeid er eit viktig nøkkelord. Fjordkystparken er ei samarbeidsplattform mellom innbyggarane, næringsverksemder, frivillige lag og organisasjonar, skulane, musea, universiteta, kommunane og fylkeskommunen.

Fjordkystparken er inne i ein prosess om å verte UNESCO-designert, det mest ettertrakta kvalitetsstempelet for ein reiselivsdestinasjon.

Les meir om UNESCO Global Geopark (UGG) her.

I 2019 gjennomførte Norsk Kvernsteinsenter på vegne av HAFS Regionråd ei forstudie av etablering av ein UNESCO Global Geopark i vår region.

Les UNESCO GLOBAL GEOPARK i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen og Sunnfjord (Rüttimann Storemyr, 2019) her.

Rapporten presenterer ei grundig analyse av korleis ei realisering av ein slik park i våre kommunar vil skape positive ringverknader i desse kommunane. Mykje av tekstane på denne nettsida er henta ut ifrå denne rapporten.

Scroll to Top