Informasjonshierarki

Formidling av natur- og kulturarven i Fjordkystparken

Formidling av natur- og kulturarven er ei av hovudoppgåvene til parken. Kravet frå UNESCO si side er at det bør vere minst eit besøkssenter og eit størst mogeleg tal geolokalitetar som tilreisande, lokalsamfunnet osv. kan besøke for å oppleve og forstå landskapet, kulturen og historia. Fjordkystparken må vere synleg i heile regionen gjennom ulike tiltak og på ulike nivå. Dessutan skal Fjordkystparken tilby eller syte for formidling for ulike målgrupper med hjelp av guidar og fagpersonar. Informasjonshierarkiet kan sjå slik ut:

informasjonshierarki

Besøkssenter

UNESCO krev at parken har minst ein bemanna stad der besøkande får relevant informasjon om kva park-konseptet er, og kva dei kan oppleve i denne spesifikke parken. Fjordkystparken tenker at administrasjonen kjem til å sitte på anten eit eller fleire besøkssenter. Det er ikkje avgjort om det kjem til å verte eit overordna hovudbesøkssenter eller om administrasjonen skal fordelast på episentera rundt i parken. Eit alternativ er at ein bygger opp eit hovudbesøkssenter der arbeidstakarane har oppmøte eit minimum antal dagar i veka, men elles kan sitte på episenteret i sin kommune. Det viktigaste er at parkadministrasjonen er synleg og lett å finne for innbyggarane og besøkande. Senteret bør bestå av:

  • Resepsjon.
  • Turistinformasjonsdel (brosjyrar, kart, evt. internett-stasjon).
  • Permanent utstilling om UNESCO Globale Geoparkar og regionalparkar.
  • Permanent utstilling om Fjordkystparken.
  • Vekslande utstilling om parkrelatert tema (klima, miljø, naturressursar, dyr, plantar, hav, energi osv.). Slike utstillingar kan ein ta over frå andre museum/institusjonar eller lage sjølv. Det er mogleg at skuleklasser kan lage utstillingar. Utstillingane kan sirkulere i kommunane.
  • Evt. geolaboratorium for eksperiment, demonstrasjonar osv.
  • Sittehjørne med nokon bord og stolar, evt. liten kafé.

Episenter

I løpet av 2021 vart det vald ut fire besøkssenter i parken, fire såkalla EPISENTER. Desse sentera skal formidle parken i si heilheit. Ein skal kunne gå inn i episenteret i Solund og finne ut kva ein kan gjere i Fjaler kommune, eller gå inn i episenteret i Askvoll og finne ut kva ein kan sjå i Hyllestad kommune. Vi skal sende besøkande til kvarandre.

Alle episentera skal driftast av ein partnar. Desse partnarane har sett verdien i å vere vertskap for episenteret ved at dette vil trekke folk til denne staden.

Episentera skal ha ei slags formidlande utstilling i tillegg til ei form for interaktivitet der besøkande kan lære og oppleve på same tid. Medverknad, læring og handlingsbåren kunnskap er stikkord.

  • Episenteret i Solund ligg i Hardbakke, her er temaet levande landskap og kystkultur
  • Episenteret i Hyllestad ligg i Kvernsteinsparken, her er temaet kvernstein og vikinghistorie
  • Episenteret i Fjaler er i Dale, her er temaet kunst og kultur
  • Episenteret i Askvoll ligg i Stongfjorden, her er temaet geologi og industrihistorie

Infostasjonar langs vegen

For at parken skal bli så synleg som mogleg skal det setjast opp «infostasjonar» langs riks- og fylkesvegar. Ved eksisterande rasteplassar langs vegane kunne det stå ei tavle som fortel om Fjordkystparken og noko spesifikt ein ser på denne staden (natur- eller anna fenomen).

Geolokalitetar

UNESCO krev ei oversikt over geologiske og ikkje-geologiske lokalitetar, også kalla «geosites» – altså alle stader i Fjordkystparken der ein kan sjå noko interessant innan geologi, plante- og dyreliv, kulturhistorie osv. Desse lokalitetane må rangerast etter sin internasjonale, nasjonale, regionale og lokale betyding. Parken bør spesielt gjere tilgjengeleg lokalitetane som er av nasjonal og internasjonal verdi og må ha ein plan for korleis geolokalitetane skal formidlast.

Geologiske lokalitetar

Regionen har allereie blitt undersøkt forholdsvis grundig av ulike geologar (t.d. i samband med Geologiprosjektet) og det eksisterer skildringar og forslag for ulike geolokalitetar og geoløyper. Lokalitetane omfattar både geologiske fenomen, uttak av naturressursar (steinbrot, gruver) og produksjonsstader (skiferdrift, teglverksdrift).

Ikkje-geologiske lokalitetar

Desse lokalitetane kan vere til dømes verna- og verneverdige hus, krigsminner, handelsplasser, bygdemuseum, naturreservat, fossar osv. Det er mykje interessant i regionen, men det er ikkje er så lett for turistar å finne fram og formidlinga på staden kan forbetrast. Dei fleste stadene må dessutan kunne fungere utan bemanning. Der dette ikkje er mogleg, kan dei vere aktuelle for guideformidling.

Sverre Hjornevik
Foto: Sverre Hjornevik

Ikona

Dei viktigaste fjelltoppane som Lihesten, Brurastakken, Alden, Blegja osv. får status som «ikon» og får alle ein besøksportal der ein startar turen frå. «Besøksportal» betyr parkering og eit lite bygg med kart, info og interaktive stasjonar. Langs vegen kan det vere aktuelt med info som ein kan få via mobilen eller tavler. På toppen bør det stå ei panoramatavle som forklarar kva ein ser.

Lihesten i Hyllestad
Lihesten i Hyllestad. Foto: Hans Ola Østby

 

Scroll to Top