Geologiske hovudlokalitetar

Saman med kommunane, kjentfolk, naturinteresserte og geofagfolk har ein i dei siste par åra vurdert ei rekkje geolokalitetar i HAFS-området. Ein har så valt ut om lag 5 større område i kvar kommune som hovudlokalitetar. Dette er område som speglar geologien i heile HAFS-området, som kvar visar fleire geologiske fenomen og som er viktige for lokalbefolkninga.
Geologiske Hovudlokalitetar

I tillegg til at hovudlokalitetane skal spegle viktige trekka ved geologien, vere jamt representerte i kvar kommune (rettferdsprinsipp) og vere viktige for lokale folk, har vi nytta endå nokre kriterium:

  • Nokre skal ha storslegne utsyn i landskapet og mot større geologiske fenomen, som bergartsgrenser, foldar, skyvesoner, strandflata osb.
  • Ein lokalitet i kvar kommune skal vere knytt til kommunesenteret. Det er i senteret ein har moglegheit for å nå flest folk med informasjon. Her er også skulane.
  • Ein lokalitet i kvar kommune skal vere knytt til dagsturhyttene. Desse hyttene har på kort tid blitt særs populære og utmerkar seg med at dei også er familie- og dels skulevennlege (sjå https://www.sfj.no/dagsturhytta.6032853-430892.html).
  • Lokalitetane skal vere knytt til det rike, eksisterande nettverket av turstiar i regionen. Desse er mykje nytta og viktige for folkehelsa (sjå ut.no).
  • Lokalitetane skal, der det er mogleg, vere knytt til anna naturarv, kulturminne og kultur­historisk interessante stadar, og dei skal ikkje vere truga av utbyggingsprosjekt.
  • Lokalitetane skal vere moglege å nå med bil/bilferje (eller sykkel) til ein parkeringsplass som gir utgangspunkt for opplevinga og/eller turen gjennom geologien.

Geografien og den ålmenne infrastrukturen gjer at dei fleste hovudlokalitetane vil ha kortare eller lengre turar gjennom geologien; dette er ein geopark ikkje minst for vandring. Seinare kan ein til dømes utvide med lokalitetar som passar til det rike båtlivet langs kysten (til dømes Postbåtruta). Med nokre unntak er ingen av lokalitetane i dag tilrettelagde med spesiell geologisk informasjon.

Hovudlokalitetar i Fjaler

Dale (senter): Lokaliteten er knytt til to hovudattraksjonar, med korte turstiar frå sentrum. 1) Turstien ved Dingemoen, grusavsetningane frå siste del av istida og 2) Turstien opp til Grøneholten (i prekambrisk berg), der ein har storslegen utsikt mot Dalsfjordkomplekset (Askvoll) og grensa mot underliggande gneis og skiferberg. Dale er også eit naturleg utgangspunkt for dei mykje nytta turstiane mot Laukelandsfossen og Laukelandshesten og til DNT-hytta Nipebu (sjå under Askvoll). Dale har rike kulturhistoriske tradisjonar med mange attraksjonar som kan knytast til parken.

Bygdeheia (dagsturhytte): Kort tursti gjennom prekambrisk berg til dagsturhytta ved toppen, med flott utsyn mot nesten heile dei ytre delane av parken.

Lammetun-Einingsfjellet: Ein samansett lokalitet, med Lammetun som ei perle heilt ute ved havet i prekambrisk berg. Her kan ein gå tur langs svaberga og oppleve vakker «småfolding» i gneisen og samstundes besøkje kystfortet frå Andre verdskrigen. Einingsfjellet har ein av dei mest nytta, korte turstiane i regionen, på toppen også spektakulært utsyn. Det er kort veg til den indre skipsleia ved Korssundet (med Korssundkrossen), fleire gravrøyser og andre arkeologiske minne.

Saurdal-Hellevik: Her er ein av dei få lett tilgjengelege og godt synlege eklogittførekomstane. Eklogitten er i eit gammalt steinbrot, med fint skåren flate. Like ved ligg dei gamle jarngruvene i Saurdal og i området finn ein delvis bevart infrastruktur frå drifta (oppdemming av vatn, vegar, hamn). Per dags dato er her ingen god tilrettelegging og området ligg på privat grunn. Det kan utviklast med utgangspunkt i det lokale senteret Hellevik. Det er kort veg til kulturstader som Lillingstonheimen og Jensbua.

Flekke-Guddal: Dette er ein lang tarm av ein lokalitet, langsmed ein «tapt» fjord frå slutten av istida, som skjer inn i hjartet av Fjaler. Marin grense ligg på snautt 50 m og her er sand- og grusførekomstar (Loneland). Ytst ligg Flekke med det viktige United World College, som har studentar frå heile verda, inst ligg Yndestad gard og starten på vakre, bortgøymde Guddalen. Den Trondhjemske postvei går langsmed heile den gamle fjorden.

Med unntak av Saurdal er alle lokalitetane i Fjaler lett tilgjengelege for korte turar. Her er også parkeringsplassar. Dingemoen i Dale ligg i utbyggingssone, men større delar av lokaliteten er kommunalt regulert til friluftsliv. Lutelandet, nær Lammetun, har ein liten industristad med ny vindindustri, ikkje svært godt synleg frå geolokalitetane. Loneland har eit grustak med no liten aktivitet.

 

Hovudlokalitetar i Askvoll

Askvoll sentrum – Blåfjellet (og Fristadfjellet): Mykje nytta turstiar frå Askvoll sentrum, gjennom prekambrisk gneis og skiferberg, over grensa til Dalsfjordkomplekset med syenitt og gabbro. Storslegen utsikt. Askvoll har ei rik historie knytt m.a. til fiskeri og er knutepunkt i den moderne skipsleia (hurtigbåt) og utgangspunkt for ferje til Værlandet og Atløy (bru til Atløy er vedtatt).

Holmedal – Nyksvatnet (dagsturhytte), med Dokka og Vårdal: Tursti til dagsturhytta med liknande geologi som ved Askvoll sentrum, også mykje nytta tursti til fjellet Dokka. Holmedal er eit lokalt sentrum ved Dalsfjorden, tidlegare ein liten industristad, også med ei rik jarnalderhistorie og med fleire små skiferbrot. Det er kort veg til Vårdal med store leireførekomstar og restane etter Vårdal teglverk. Vårdal er under utvikling som liten turiststad.

Brurastakken. Foto: Per Storemyr

Brurastakken – Herland: Kortare og lengre turstiar til ikoniske Brurastakken, den mest kjende geologiske staden i parken, med folding som fann stad då fjellkjeda glei ut. Fleire andre geolokalitetar i nærleiken. Stikkord: Silursediment og Sunnfjord melange. Brurastakken er eit sentralt seglingsmerke langs leia. Turstien til Brurastakken kallast «geoløypa», men det er enno ikkje utvikla nokon geologisk informasjon her.

Stavenesodden: Dette er ei halvøy dominert av havbotnskorpe frå ordovicium, med fleire turstiar og viktige geologiske fenomen, m.a. restar av «black smokers» og dei gamle kopargruvene i Grimelia, som også har tursti, der ein i tillegg kan sjå kvartærgeologi/strandvollar. Ytst på odden, mot skipsleia, ligg nasjonal (og dels internasjonal) viktig arkeologi (helleristingsfelt og store gravrøyser frå bronsealderen). Inst i Stongfjorden finn ein det lokale senteret med same namn, med det første aluminiumsverket i Skandinavia (nedlagt i 1945). Her held Sunnfjord Geo Center til; dei har planar om å tilby geoguiding i lokalmiljøet.

Bulandet-Værlandet: Levande øysamfunn i spesielt kystlandskap med særeigen geologi: konglomerat frå devon (som ein del av Solundbassenget). Men her er også breksje frå devon og djuphavsførekomstar frå ordovicium. Her finst det ei geologiløype, med guidebok og skilting, som tek føre seg alle dei viktige geologiske fenomena i øygruppa. Turane følger etablerte turstiar, og her er også mykje natur- og kulturhistorie å oppdage.

Laukelandsfossen-Nipebu-Markavatnet: Dette er ein fjell-lokalitet for dei som likar å gå langt – til dei ytre delane av det devonske Kvamshestenbassenget. Her er sandstein dominerande, i motsetnad til Solundbassenget, men dei etablerte turstiane går også gjennom delar av Dalsfjordkomplekset. Tilkomst er frå Dale, mot den ikoniske Laukelandsfossen og opp mot DNT-hytta Nipebu, kor ein er ved grensa til sandsteinen. Ein enklare veg er frå nord (veg), til Markavatnet som ligg i sandsteinland. Frå turstiane i området har ein framifrå moglegheiter til å utforske heile Kvamshestenbassenget til fots (fjellturar), med dei særeigne «trappetrinna» i sandsteinen, opp til det høgste punktet (Blægja, 1304 m.o.h).

Bygstad-Kvamshesten, med Skaraly dagsturhytte (i Sunnfjord kommune): Dette er også ein fjelltur i Kvamshestenbassenget, men ikkje så lang som over. Ein går frå Bygstad til dagsturhytta Skaraly like under toppen på Kvamshesten (1209 m.o.h.).

Alle lokalitetane I Askvoll (med Sunnfjord) er tilgjengelege med bil til parkeringsplass. Mange turar er lite krevjande, nær parkeringsplass, men ikkje dei lengste fjellturane. Så vidt ein no veit, er ingen av lokalitetane truga av større utbyggingsprosjekt, som t.d. vindindustri.

 

Hovudlokalitetar i Hyllestad

Kvernsteinsparken i Hyllestad sentrum: Utandørsmuseum som visar ein del av det største, bevarte steinbrotlandskapet frå vikingtida og mellomalderen i Nord-Europa, der ein gjennom hundreåra braut kanskje opp mot ein million kvernstein for sal i store delar av Skandinavia. Bergarten er granatglimmerskifer, opphaveleg leire avsett på Balticas margin, seinare omforma djupt nede i jordskorpa under danninga av Den kaledonske fjellkjeda. Her er også ei geoløype (med guidehefte og skilting) som dessutan m.a. viser marmor og kvartsitt danna saman med granatglimmerskifer. I nærleiken kan ein òg sjå den geologiske grensa mellom Baltica og Laurentia. I Hyllestad finn ein fleire andre kulturhistorisk interessante plassar.

Akse-Hesjetinden, med dagsturhytte (ved Sørefjordvatnet): Etablert tursti i vakker natur langsmed kvartsitt o.a. på Balticas margin og i overgangen til grunnfjellet. Frå Hesjetinden har ein framifrå utsyn til Lihesten og utglidingsona for Solund devonbasseng. Hesjetinden er også lett tilgjengeleg med tursti frå Øvrås.

Kolgrovheia: Etablert tursti til topp i granodioritt (silur), ein del av øybuesystemet i Iapetushavet som vart med i danninga av fjellkjeda. Stort utsyn til Lihesten, utover Sognefjorden og Sognesjøen, og til Sognneskollen som er «søstera» til Kolgrovheia (også i granodioritt, med etablert tursti). Fine utsyn mot ulike vegetasjonsbelte og deira avhengigheit av berggrunnen.

Lihesten (frå Lekva eller Hovland): Eit av dei mest berømte nettverka av turstiar i regionen, til toppane på ikoniske Lihesten. På veg til toppane på over 700 m.o.h. (Gygrekjeften og Risnesnipa) går ein over utglidingsona til Solundbassenget (frå Lifjordkomplekset). Storslagen utsikt.

Bilete henta frå https://kvernsteinsparken.no/turistinfo

Nesje: Vandringar langs svaberga i Balticas grunnfjell mot og over grensa til Laurentia. Nokre delar av vandringane er lett tilgjengelege frå det store Nesje kystfort frå Andre verdskrigen, som tilbyr overnatting for turistar. Andre delar krev tilrettelegging. Her er ein dessutan i kanten av Sognefjorden.

Lavik – Laviksåta (i Høyanger kommune): Etablert tursti til toppen av Laviksåta (grunnfjell), med det beste utsynet ein kan ha innover (og utover) Sognefjorden. Veleigna stader å vise heile historia til Sognefjorden, frå djupforvitring og elvesystem i eldre geologiske epokar og kva som skjedde under istidene, til korleis sedimenta er avsette ute i havet. Lavik er den viktigaste innfallsporten til parken sørfrå, med ferjeleie på E39 (over Sognefjorden frå Oppedal).

Alle lokalitetane i Hyllestad (med Høyanger) er tilgjengelege med bil til parkeringsplass, Kvernsteinsparken er delvis universelt utforma. Ingen lokalitetar er truga av moderne utbygging, så vidt ein veit heller ikkje av vindindustri.

 

Hovudlokalitetar i Solund

Hardbakke (sentrum) – Avløypeneset (dagsturhytte), med Ramnenipa: Etablerte, velbrukte turstiar i hjartet av Solunds konglomeratberg. Her kjem ein nær konglomeraten og ein har utsyn frå Ramnenipa, dessutan nærleik til Sognesjøen ved dagsturhytta. I Hardbakke finst eit lokalt arboretum, viktig i seg sjølve og som utgangspunkt for turstiane. Her er også utgangspunkt for besøk til stadene som fremmer kystkultur i øylandskapet, t.d. med kajakk eller med Postbåten som tilbyr «øyhopping» om sommaren.

Pollatinden: Den høgste toppen i Solund (541 m.o.h.), med etablert, berømt tursti, dels over konglomerat, dels over sandstein/raud sandstein. Heilt framifrå utsyn over store delar av kystlandskapet i parken. Den raude sandsteinen er ei påminning om at devonbassenga er danna samstundes som velkjende «Old Red Sandstone» i Skottland. Frå Pollatinden kan ein sjå dei lange endemorenane frå Yngre Dryas.

Hersvik – Husefjellet: Etablerte turstiar i eit landskap med eit stort «fossilt» ras frå devon, med ei spesiell utforskingshistorie (ein trudde tidlegare at nokre av bergartane her var intrudert etter devon). Også grense mellom devon og havbotnskorpe frå ordovicium, som m.a. viser skilje i vegetasjon. Hersvik er eit utgangspunkt for turar på sjøen, også med kajakk.

Ytrøy – Sperrefjellet: Vandringar i konglomeratlandskapet langsmed Nordsjøløypa (etablert tursti), frå havbotnskorpe frå ordovicium med putelava. Her er ein langt mot vest i Solund, over sundet til Ytre Sula.

Lågøystolane: Svære flyttblokkar frå istida ytst i havet, ein ikonisk lokalitet, på ein berggrunn av havbotnskorpe frå ordovicium. Til denne lokaliteten kjem ein berre med kajakk eller båt (ein kan tinge turar).

Utanom Lågøystolane er alle lokalitetar i Solund tilgjengelege med bil til parkeringsplass. Ein kjenner ikkje til at nokre av stadene er truga av utbygging, heller ikkje vindindustri.

 

 

 

Teksten er henta frå Søknad om opptak av Fjordkysten regional- og geopark i nettverket Norske Geoparkar 

Scroll to Top