Geopark

Ein geopark er eit område som viser ein viktig del av Noregs geologi. Det skal i tillegg demonstrerast korleis dei geologiske forutsetningane har påverka biologisk mangfald, landbruk, busetnad, industriutvikling, samferdsel og kultur i området.
Brurastakken. Foto: Per Storemyr

Fjordkysten regional- og geopark har som mål å bli ein UNESCO global geopark (UGG). For å oppnå ein slik status må ein ha eit avgrensa, klart definert samanhengande geografisk område som inneheld ein geologi som er av internasjonal betyding.

Klikk her for å lese meir om geoarven vår.

I ein geopark ynskjer ein å vise korleis dei geologiske føresetnadane har påverka det biologiske mangfaldet, landbruket, busetnaden, industriutviklinga, samferdselen og kulturen i området. Ein geopark er ikkje ein «geologipark», den skal legge til rette for formidling heile av natur- og kulturarven i området til forskjellege målgrupper som til dømes grunnskuleelevar, studentar, turistar eller lokalbefolkninga.  Området vert ikkje verna på nokon måte; næring og utbygging kan halde fram, under føresetnad om langsiktig berekraft. Natur- og kulturarven er kapitalen som er grunnlaget for verdiskapinga i området.

Lihesten i Hyllestad
Fjordkysten regional- og geopark har ein spanande geologisk arv. Foto: Hans Ola Østby

Geoparkar har i stor grad same filosofi og mål som regionalparkar; berekraftig samfunnsutvikling og forvalting av kultur- og naturarv. Derfor er det heilt naturleg med ein kombinasjonspark slik som Fjordkysten regional- og geopark er.

Fjordkysten regional- og geopark vart godkjent som Norsk Geopark hausten 2021 og i løpet av 2024 skal det  sendast søknad om å verte ein UNESCO Global Geopark. Per 2022 finnast det 169 UNESCO Globale Geoparkar i verda, i fordelt på 44 land.

Geopark er ikkje ein beskytta tittel, og kan nyttast sjølv om ein ikkje er godkjent som norsk geopark, eller som UNESCO global geopark.

Konglomerat i er ein vakker sedimentær bergart. Foto til venstre: Tom Heldal. Foto til høgre: Trude Søilen

Oppgåver til ein UNESCO Global Geopark

Hovudaktivitetane til ein UGG må i følgje UNESCO vere desse:

  • Management-plan: Geoparken må til ein kvar tid ha ein oppdatert «management»-plan som gjer greie for Geoparken sin misjon, strategiar, utviklings- og handlingsplanar, kommunikasjon, vern, infrastruktur/ fasilitetar, økonomi, partnarskap og samarbeid med ulike aktørar.
  • Definere geolokalitetar (både geologiske og ikkje-geologiske), gjere dei tilgjengeleg, sikre vedlikehald og tilby formidling/oppleving av dei.
  • Syte for god synlegheit av Geoparken (skilting, tavler, flyers, internett osv.), helst på fleire språk.
  • Sikre god offentleg service med tanke på informasjon, infrastruktur og fasilitetar. Servicetilbodet skal bidra til berekraftig reiseliv og næringsutvikling generelt.
  • Formidling til ulike målgrupper (vaksne, familiar, skuler, studentar osv.) på ulike flater/med ulike metodar om både geologi og annan type natur- og (immateriell) kulturarv. Formidlinga må vere forståeleg for ikkje-fagpersonar. UNESCO legg stor vekt på at Geoparken har mange innovative og ulike formidlingsprogram.
  • Forsking: Geoparken bør anten leie eller vere involvert i ulike forskingsprosjekt (geovitskap, naturvern, kulturminnevern).
  • Bidrag innan klimaendring og naturfarar: Geoparken må dokumentere korleis han er involvert i desse tema (spesielt viktig viss enkelte geolokalitetar er trua av klimaendring/naturfarar).
  • Utvikling av berekraftig reiseliv (geoturisme)
  • Strategiar, tiltak og resultat for berekraftig utvikling på lokalt nivå: prosjekt, partnarskapsavtalar, Geopark-varemerke, promotering av lokalprodukt og partnarar gjennom festivalar, marknadar, webside, flyers osv.
  • Involvering av lokalsamfunnet: Geoparken må vise korleis lokalsamfunnet er inkludert i planlegginga og er sikra tilgang og bruk av natur- og kulturarven.
  • Internasjonal aktiv deltaking i det globale, europeiske og nasjonale geoparknettverket. UNESCO vurderer det internasjonale prosjektsamarbeidet med andre Geoparkar som ein av dei viktigaste oppgåvene til ein Geopark og ein av hovudgrunnane til å bli ein UGG.
  • Aktiv nettverksbygging med aktørar/partnarar på lokalt, regionalt og internasjonalt nivå (skuler, høgskuler, bedriftar, lag, institusjonar osv.).

• Kvart fjerde år: Revalidering av Geoparken gjennom UNESCO. Dette er ein omfattande prosess som krev ein del ressursar. Viss Geoparken får «gult kort», gjeld det å sette i gong tiltak for å rette på «forsømingane» innan ei viss tid.

 

Scroll to Top