Om UNESCO Global Geopark

Vi er no inne i ei spanande reise med å få parken UNESCO-designert. Det mest ettertrakta kvalitetsstempelet for ein reiselivsdestinasjon.
Sverre Hjornevik
Foto: Sverre Hjornevik

UNSECO-designasjon

Vi er no inne i ei spanande reise med å få parken UNESCO-designert. Det mest ettertrakta kvalitetsstempelet for ein reiselivsdestinasjon.

UNESCO innførte kategorien «UNESCO Global Geopark» (UGG) i 2015 og likestilte Geoparkane med verdsarvstadane. Ein UGG er eit berekraftig samfunnsutviklings- og verdiskapingsprosjekt som er basert på ein region sin natur- og kulturarv.

Føresetnad for å bli UNESCO Geopark er at ein region rår over ein geologisk arv av internasjonal betyding, at det er etablert ein Geopark som har vore i drift i minst eitt år og har ei trygg finansiering i botnen.

Fordelen med å bli UNESCO Geopark er moglegheita til å marknadsføre regionen som «UNESCO-region» som er det mest ettertrakta kvalitetsstempelet for ein reisedestinasjon og delta i det store internasjonale Geopark-nettverket. Elles gjeld dei same fordelane som for Regionalparkar. I utlandet er mange parkar både regional- og geoparkar. Allereie i forstudien (2018) blei det anbefalt å bygge ein UNESCO Geopark på den eksisterande Regionalparken «Sognefjorden Kystpark» slik at «vår» geopark vil bli den første i Noreg som er begge delar.

UNESCO sitt krav for organisasjon av ein Geopark er: UNESCO Global Geoparks are managed by a body having legal existence recognized under national legislation. This management body should be appropriately equipped (finances, staff) and should include all relevant local and regional actors and authorities (organigram)

 

Les meir om UNESCO Global Geoparks

 

 

Scroll to Top