Personvern

Fjordkysten regional- og geopark er forplikta til å handsame personopplysningar for brukarar av nettstaden fjordkystparken.no på ein forsvarleg måte. Her kan du lese om korleis vi samlar inn, nyttar og beskyttar informasjonen som leggast igjen når ein besøker vår nettstad. Når du besøker nettsida vår legg nettlesaren din igjen elektroniske spor og informasjon. Informasjonen blir brukt til å forbetre innhaldet på nettsida. Denne personvernerklæringa fortel kva slags informasjon som blir samla inn og korleis den blir brukt.

Ansvar

Fjordkysten regional- og geopark er ansvarleg behandlar for innhenting og bruk av personopplysningar som blir gjort i samband med drift og vedlikehald av fjordkystparken.no. Denne erklæringa inneheld opplysningar når det samlast inn opplysningar frå nettstaden vår (Personopplysningsloven § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningsloven § 18 1.ledd).

Nettstaden driftast på webhotell hos Domeneshop, som då er vår databehandlar for nettstaden.

Webanalyse

Til Webanalyse nyttar Fjordkysten regional- og geopark Google Analytics, og det er Google Inc som er databehandlar for denne tenesta.

Google Analytics lagrar delar av IP-adressa til besøkande for å samle inn geografisk informasjon. Sidan IP-adresser er ein personvernopplysning, anonymiserast denne i Goolge Analytics ved å fjerne dei siste sifra i IP-adressa di før lagring. IP-adressa kan dermed ikkje lenger knytast til deg eller di datamaskin. Data frå Google Analytics blir ikkje delt utan samtykke frå oss, med unntak i spesielle situasjonar, som til dømes om politi eller domstol krevjar det.

Informasjonskapslar (cookies)

Google Analytics bruker Kapslane _ga og_gat for å samle inn informasjon om brukarar av nettstaden. Dette er informasjon som kva slags sider som vert besøkt, kva nettlesar som vert brukt, om brukaren har pc, mobil eller nettbrett, kor lenge brukaren var hos oss, kva lenker som blei klikka på, kva søkeord som blei brukt med meir.

Dersom du ynskjer å deaktivere informasjonskaplar i nettlesaren din, kan du gjere dette via sikkerheitsinnstillingar. Du kan når som helst avvise lagring av informasjonskapslane, men merk at dette kan påverke funksjonaliteten og brukaropplevinga. Du kan også stille inn nettlesaren slik at du blir varsla når nettstaden forsøker å legge inn ein informasjonskapsel. Gjennom nettlesaren kan du også slette informasjonskapslar som allereie er lagra på maskina.

Eit tips er å lese “slik bør du administrere informasjonskapsler” på nettstaden Nettvett.no for å få gode tips om dette.

Ta kontakt med Fjordkysten regional- og geopark om du har spørsmål til vår bruk av informasjonskapslar.

Nyheitsbrev

Det er mogleg å abonnere på nyheitsbrev for informasjon om pågåande prosjekt eller arrangement for alle som ønsker å motta slik informasjon. For at vi skal sende e-post til riktig person, må vi registrere e-postadressa di. Desse opplysningane delast ikkje med andre verksemder, og slettast når vi får beskjed om at du ikkje ynskjer å motta informasjon frå oss. Opplysningane slettast også om vi får tilbakemelding om at e-postadressa ikkje lenger er aktiv. Fjordkysten regional- og geopark er dataansvarleg for informasjon som sendast inn når eit nyheitsbrevabonnement startar. MailChimp er databehandlar for desse opplysningane.

Scroll to Top