Regionalpark

Ein regionalpark er eit avgrensa landskapsområde, definert på bakgrunn av sin unike natur- og kulturverdi. Regionalparkane ligg under paraplyen Norske Parker som er ein landsdekkande nettverksorganisasjon for alle regionalparkane.
Elvira med lam
Elvira med lam. Foto: Anders Braanaas.

«Regionalpark kan definerast som ein dynamisk, langsiktig og forpliktande samarbeidsplattform for lokalsamfunn, myndigheiter og næringsliv med ei interesse for å ivareta og vidareutvikle natur- og kulturverdiar i eit definert landskaps- og identitetsområde».

Norge er seine med å etablere både regional og geoparkar. Her i landet har nasjonalparkar vore dominerande. Det er vanskeleg å etablere nasjonalparkar i område der det bur folk, då det fort vert konfliktar mellom ulike interesser. Derfor er dei fleste nasjonalparkane lokalisert i strøk med lite menneskeleg aktivitet. Regionalparkane derimot er forankra i den europeiske landskapskonvensjonen som seier at innbyggjarane sjølv skal vere med å definere og utvikle det området dei bur i. I Europa er parkane sentrale i utviklinga av lokale og regionale utviklingsstrategiar, og i mange land som Sveits, Frankrike og Tyskland er regionalparkane eit vel etablert konsept . I Noreg er parkomgrepet ganske nytt, og mange assosierer det med vern. Regional- og geoparkane skal leggje til rette for bygdeutvikling og ivaretaking; – ikkje vern. Dei kan sjåast på som ein del av regionen sin eigen utviklingsstrategi, basert på ”nedanfrå-opp-initiativ”, der målet er å skape ein balanse mellom det å ivareta natur- og kulturverdiar og samtidig møte behova til lokalbefolkninga gjennom bærekraftig bruk, foredling og utvikling av slike verdiar. I tillegg er også merkevarebygging, lokal deltaking og læring viktige strategiar i dei fleste parkkonsepta.

Parkane er av svært ulik størrelse. Dei er avgrensa til landskapsområde, med eller utan formell vernestatus, med særskilte natur- og kulturkvalitetar som skilje dei frå områda rundt. Parkgrensene følgjer dermed ikkje utan vidare administrative grenser. Ein regional og /eller geopark er med andre ord  eit definert landskaps- og identitetsområde som inkludera heile eller delar av området til ein eller fleire kommunar. (Ein UNESCO global geopark  har klare definerte grensar, men må ikkje nødvendigvis følgje same grensene som regionalparken.) Ein regionalpark kan bruke namnet ”Natur- og kulturpark” eller ”Regionalpark”.

Oppgåver til ein Regionalpark:

  • Samarbeid og lokal forankring.
  • Regionalparkar skal fungere som ein samarbeidsplattform mellom det offentlege, næringslivet og lag/organisasjonar. Dei skal vere regionalt og lokalt forankra.
  • Verdsetting og ivaretaking av natur- og kulturverdiar.
  • Berekraftig verdiskaping basert på natur- og kulturverdiane parkane er basert på den Europeiske landskapskonvensjonen og skal fremje:
          1. Økonomisk verdiskaping (foredling av lokale ressursar, styrking av lokale produkt og tenester)
          2. Miljømessig verdiskaping (landskapsskjøtsel, t.d. tiltak mot attgroing av landskap)
          3. Sosial verdiskaping (aktiv deltaking og medverknad av lokalsamfunnet)
          4. Kulturell verdiskaping (bruk av lokalhistorie, kulturminne, natur- og kulturverdiar innan kunnskaps- og identitetsbygging og formidling)

Sauesanking (smalegange) i Indrøyna

 

Trass i at Sognefjorden Kystpark (no Fjordkysten regional- geopark) har vore basert på dugnad inntil nyleg, så har ein likevel satt i gang fleire prosjekt:

  • «Alle mann til pumpene»: Landskapsskjøtsel og villsaudrift som modell for berekraftig samfunns- og næringsutvikling. Prosjektet skal ha eit regionalt og nasjonalt overføringsverdi for korleis ein kan skjøtsle eit landskap og forhindre attgroing. Norske Parkar vil bruke prosjektet som eit internasjonalt referanseprosjekt.
  • «Å vøle eit landskap»: Tverrkommunalt FoU-prosjekt med Bergen arkitekthøgskule som skal bruke same prosjektområde som «Alle mann til pumpene». Under planlegging.
  • «Skippartak»: Bygningsvernprosjekt som er basert på samarbeidet med Jensbua og Nedre Jølster Bilelag. Målet er å «redde» ein trua trebygning kvart år.
Villsau på svaberg på Indrøy,
Villsau på Indrøy, Solund. Fotograf Trude Søilen.

 

Scroll to Top